Bunden form av substantiv

Substantiv blir bøygde i bestemtheit, og vi skil mellom ubunden og bunden form. Utgangspunktet er dei ubundne formene i eintal (stammen) og fleirtal. Dei bundne formene blir laga ved å leggje ei bøyingsending til dei ubundne formene.

Bunden form i eintal

I eintal blir bunden form laga ved å leggje til bøyingsendinga -en, -a eller -et i høvesvis hankjønn, hokjønn og inkjekjønn, til dømes foten, kua og barnet. Når stammen endar på trykklett e, fell denne vekk føre bøyingsendinga: hane – hanen, høne – høna og eple – eplet. Hugs forenkling av mm i slutten av ord: dam – dammen, og at aksenten over é fell vekk føre bøyingsending: idé – ideen. Hokjønnsord som får samandragning i fleirtal, slik som syster – systrer, får òg samandragning føre -a i bunden form: syster – systra. Føre -en og -et blir det aldri samandragning.

I inkjekjønnsord på -eum og -ium fell -um vekk frå stammen i bunden form, til dømes i museum – museet og studium – studiet. Dette gjeld likevel ikkje i kjemiske namn: natrium – natriumet.

Bunden form i fleirtal

I fleirtal blir bunden form laga ved å leggje ei bøyingsending til den ubundne fleirtalsforma. I hankjønn og hokjønn er bøyingsendinga -ne, i inkjekjønn er bøyingsendinga -a, til dømes skor – skorne, kyr – kyrne og born – borna. Inkjekjønnsord som endar på trykklett e mistar denne føre endinga -a: hjarte – hjarta.
Når fleirtalsendinga er -ar eller -er, og ikkje berre -r som i skor og kyr, har vi ein rettskrivingsregel som seier at r-en fell vekk føre bøyingsendinga for bunden form: hest – hestane, føter – føtene, bygder – bygdene og mødrer – mødrene.

Inkjekjønnsord på trykklett -el får samandragning føre a-endinga: fengsel – fengsla og middel – midla. Samandragning får òg våpen som einaste inkjekjønnsord på -en: våpen – våpna.

Som nemnt i artikkelen om talbøying, har nokre han- og hokjønnsord inkjekjønnsform i fleirtal, det gjeld desse: feil – feila, ting – tinga, ski – skia, kjeks – keksa, odds – oddsa og foreldre foreldra.

Han- og hokjønnsord som manglar fleirtalsending eller har fleirtal på -s får den regelrette fleirtalsendinga tilbake før -ne i bunden form. Til dømes: nokre meter – alle metrane, nokre mil – alle milene, nokre menn – alle mennene, nokre fans – alle fanane og nokre pesos – alle pesoane. Her kan vi tenkje oss at mennene er ei samansetjing av den tenkte fleirtalsforma *menner og bøyingsendinga -ne, tilsvarande er pesoane samansett av den hypotetiske forma *pesoar og endinga -ne.

Og i fleirtal fell -um vekk frå stammen av inkjekjønnsord på -eum og -ium i bunden form: nokre museum – alle musea og nokre studium – alle studia.