Substantiv blir bøygde i tal, og vi skil mellom eintal og fleirtal. I eintal har ikkje substantiva bøyingsending, berre stammen står att.
I fleirtal er hovudregelen at hankjønnsord får bøyingsendinga -ar lagd til stammen, hokjønnsord får bøyingsendinga -er, og inkjekjønnsord får ikkje noka bøyingsending. Når stammen endar på trykklett -e, slik som hane og høne, fell denne vekk når ei bøyingsending blir lagd til. I hankjønn heiter det til dømes hest – hestar, hane – hanar, by – byar, konto – kontoar, modus – modusar, mani – maniar. I hokjønn heiter det bygd – bygder, høne – høner, li – lier. I inkjekjønn er altså eintal og fleirtal likt: eitt hus – to hus, eitt eple – to eple, eitt auge – to auge, eitt leksikon – to leksikon, eitt faktum – to faktum.
I nynorsk.org-normalen er det vald regelrett bøying i dei fleste tilfelle der det er mogleg innanfor læreboknormalen. Det inneber at framande fleirtalsformer som konti, modi, leksika og fakta er vald vekk til fordel for dei regelrette og heimlege formene kontoar, modusar, leksikon og faktum. Auge, øyre og hjarte blir òg bøygde regelrett.
Stammar som sluttar på -é har regelrett bøying, men her ein må hugse rettskrvingsregelen som seier at aksenten fell vekk når ei bøyingsending følgjer. Difor heiter det ein idé – to idear. Ein annan rettskrivingsregel er at mm blir forenkla til m i slutten av ord. I til dømes dammar er stammen damm, men når han står åleine blir han skriven med enkel m: ein dam – to dammar.
Substantiv i hankjønn som endar på trykklett -el, -er, -al, -an, -ar, -ul eller -un får vanlegvis bortfall av vokalen framfor fleirtalsendinga slik: muskel – musklar, blomster – blomstrar, apal – aplar, aftan – aftnar, spikar – spikrar, jøkul – jøklar og jotun – jotnar. Tilsvarande gjeld substantiv i hokjønn som endar på -el, -en og -er, til dømes aksel – aksler, frøken – frøkner og syster – systrer. Hugs rettskrivingsregelen som seier at dobbel konsonant blir forenkla føre annan konsonant: artikkel – artiklar, fetter – fetrar og sommar – somrar.
Ei rad hankjønns- og hokjønnsord har uregelrett fleirtal ved at hankjønn får fleirtalsendinga -er og hokjønn får fleirtalsendinga -ar. Nokre er lette å lære; det gjeld hankjønnsord med stamme som endar på -a i uttale, til dømes sofaer, søknader og fellaher, og det gjeld hokjønnsord med stamme som endar på -ing, til dømes dronningar, stigningar og oppfinningar. Resten av orda har ikkje slike kjenneteikn. Det vil seie at dersom ein ikkje kjenner dei frå sitt eige talemål, må dei lærast eitt og eitt.
Hankjønnsord som får -er er ei rad ord på -ekk, -enk, -egg eller -eng: bekker, benker, blekker, dregger, drenger, flekker, hegger, klegger, legger, nekker, sekker, skjenker, slenger, stegger, strenger, vegger og venger. Det gjeld vidare desse orda: belger, brester, drykker, elver, gjester, gonger, grader, griser, kvener, kvister, leder, lemmer, lester, leter, luter, moner, retter, rygger, sauer, seder, serker, stader, stilker, stinger, styler, svelger, vaner, veiker, vener, vever og øyker. Det gjeld naturlegvis samansetjingar òg: gitarstrenger, matretter, medlemmer og bestevener. Til slutt gjeld det innbyggjarnamna egd, sygn og håløyg og dei som endar på -vær eller -bygg: dalbygger, egder, håløyger, innheradsbygger, levangsbygger, lomværer, sygner, sæbygger, utbygger, vagværer, austegder og vestegder.
Hokjønnsord som får -ar er brikar, elvar, ermar, heiar, helgar, herdar, kleivar, kvernar, merrar, mjødmar, myrar, reimar, sildar, spikar, vikar, årar, øksar og ørnar.
Nokre substantiv med stamme som endar på rotvokalen dannar fleirtal på -r. Det gjeld mellom anna sko – skor og ljå – ljår. Dei fleste har i tillegg omlyd, til dømes ku – kyr, meir om omlyd under. Hit reknar vi òg bror – brør, men her smeltar fleirtals-r-en saman med r-en i stammen.
Nokre hankjønns- og hokjønnsord manglar fleirtalsending. Det gjeld ei mus – to mus og ei lus – to lus, nokre måleeiningar, til dømes ein meter – to meter og ei mil – to mil, nokre mynteiningar, til dømes ein dollar – to dollar, og nokre lånord på -s, til dømes ein pils – to pils og ein pumps – to pumps. Det gjeld dessutan eitt ord med omlyd: ein mann – to menn.
Desse orda høyrer tilsynelatande òg til her: ein feil – to feil, ein ting – to ting, ei ski – to ski, ein kjeks – to kjeks og ein odds – to odds, men desse skil seg frå dei fyrstnemnde ved at dei eigenleg har inkjekjønnsform fleirtal, noko ein ser i bunden form. Det opphavelege fleirtalsordet foreldre har òg inkjekjønnsform, men det har vorte hankjønn i eintal: ein forelder.
Nokre substantiv får omlyd i fleirtal, det vil seie at rotvokalen i stammen endrar seg. I inkjekjønn gjeld dette eitt ord: eitt barn – to born. I hokjønn gjeld det til dømes bok – bøker, gås – gjæser og hand – hender. I hankjønn får dei fleste orda med omlyd fleirtalsendinga -er, til dømes son – søner og stand – stender. Nokre hokjønnsord som endar på rotvokalen får fleirtal på -r, til dømes ku – kyr, glo – glør og tå – tær. Nokre får både omlyd og samandragning: dotter – døtrer, moder – mødrer og fader – fedrar. Kortformene mor og far i eintal har fullformene mødrer og fedrar i fleirtal.
Til slutt må det nemnast at nokre lånord har innlånt talbøying med fleirtal på -s. Det gjeld fyrst og frems lån frå engelsk, til dømes ein fan – to fans og eit still – to stills, dernest gjeld det mynteiningar frå spansk- og portugisiskspråklege land, til dømes ein peso – to pesos.